Hogstmaskin: 2018 Ponsse Scorpion King 8wd, H7 aggregat. 

Dette er ei maskin som passar bra i vestlandsskogen. Middels stor, stabil og 8 hjuling. Dette gjer framkommeligheita i bratt terreng svært god. Aggregatet handterar det aller meste.

Lastbærar: 2018 Komatsu 875 med loadflex og krantilt

Komatsu 875 er den nest største lastbæraren til Komatsu Forest, og ei ideell maskin på Vestlandet. Maskina har god lastekapasitet, samtidig som den er smidig og har god framkommeligheit. Med Loadflex lasterom (bredding), utstyrt med hydrauliske opp/nedtrekksbare stakar,  har maskina eit lasterom som kan laste stort volum med lågt tyngdepunkt. Maskina er utstyrt med Comfort Ride hyttefjæring og 9,5m kran med krantilt. Dette effektiviserer lessing i bratta.

Hogstmaskin: 2017 John Deere 1470G, H415 aggregat

Den største hogstmaskina vår. Kan ta på seg alle typar oppdrag som involverer stor skog i vanskeleg terreng. Svært sterk kran med god rekkevidde.

Lastbærar: 2017 Komatsu 875 med loadflex og 145 kran. 

Vi er så godt nøgde med Komatsu sin modell 875 at vi har kjøpt to stk. Denne maskina har ikke krantilt og har derfor den store 145 krana. Elles er utstyrsnivået likt på dei to.

Traksjonsvinsj: Ecoforst T-Winch

Vi anskaffa oss i 2018 som første entreprenør i Norden ein såkalla traksjonsvinsj, av typen T-Winch 10.1. Denne vinsjen er designa for å dra maskinene opp i bratte lier. Med 10 tonn konstant trekkraft er det finurlig korleis maskinene kan ta seg fram i helling opp mot 40 grader (80%). Målet er å jobbe mest mogeleg effektivt i bratt vestlandsterreng, og å minimere graving og terrengskader.  I 2019 oppgraderte vi til 10.2, ein litt større modell.