Året 2019 har vore spesielt for oss så langt. Foruten store marknadssvingningar og overføring av deler av kapasiteten vår til austlandet, har vi saman med Woodinvest i Gulen og Glommen Skog i Hedemark, starta tømmeromsetningsselskapet Fjordtømmer.
Fjordtømmer er starta for å halde tømmeromsetningsleddet lokalt, i tillegg til lokale entreprenører og transportører på Vestlandet. Dette er viktig for å bygge ei næring av råstoffet besteforeldrene våre planta.
Fjordtømmer sikter i det lange løp mot å legge forholda til rette for etablere tømmerindustri på Vestlandet. Ei full utnytting av verdikjeda hadde gjort susen, framfor å sende nesten alt tømmeret ut av landsdelen.