Korona-effekten avtar

Korona-utbruddet og samfunnsnedstenging i Mars hadde negative konsekvensar for Sunnfjord Skog, Fjordtømmer, og skogbruket elles i landet. På lik linje som mange andre spesialiserte hogst-entreprenørar opplevde vi produksjonsstopp frå og med påske og utover i mai. Stor risiko forbunde med oppbygging av tømmerlager i sommerhalvåret, mot eit usikkert marked, var grunnen til at hogstlaga stod stille nokre veker.

No, berre nokre månadar seinare, har usikkerheita i stor grad forsvunne og vi ser at Norge fungerer sjølv i vanskelege tider. Korona-pandemien kan kome tilbake att med store utbrot og nye nedstengingar, men etter å ha vore gjennom ein runde er ein betre mentalt rusta for det som måtte kome.

For skogbruket på Vestlandet og langs kysten, der svært mykje tømmer går på eksport i eit internasjonalt marked, er det grunn til å sjå forretningsmodellen etter i saumane. I år igjen har det vore problem med avsetning for vårt gode skogsråstoff, ein repetisjon vi skulle vore foruten. Vi har underliggande utfordringar med marknadstilgang (pga store skogskader på kontinentet), og ei prisutvikling som ikkje er tilstrekkelig sterk. Dette gjer det vanskeleg å skape gode rammer rundt vår verdikjede, som gavner skogeigar, entreprenør og transportør.

Som entreprenør har ein lagt to vanskelege marknadsperiodar bak seg, som har tæra på finansiell kapital, såvel som menneskelig kapital. Med eit tømmermarked som er som det er på vestlandet, har eigarane i Sunnfjord Skog sett behovet for å utvikle eit breiare tenestetilbod, i første omgang opp mot bygg-og anleggssektoren og statleg verksemd. Arbeidet med omsetting av tømmer gjennom Fjordtømmer AS, der vi er medeigar, har fokus på å styrke vår posisjon mot eksisterande og framtidige kundar, samt tiltrekke frisk entreprenørkapasitet for å fylle nye leveranseførepurnadar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s